Datatull hjå internettleverandøren

Idrettslaget sin leverandør av internettsider Spoortz, har dataproblem. Det medfører at alle nettsidene dei driv hja idrettslag rundt i heile Noreg, har fått fjerna alle info som er lagt ut mellom mars 2019 og desember 2019.

Det er ikkje Spoortz sin feil, med firmaet som igjen driv deira servarar. Det er ein menneskeleg feil som har skjedd. Dei har lova å retta feilen. Men det er ein stor manuell jobb som må gjerast. Strandebarm Idrettslag freistar på eiga hand å få på plass naudsynt info og meir oppdaterte nettsider so raskt som me klarar.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift