Bli medlem i Strandbarm Idrettslag.
Kom og bli med i Idrettslaget. Alle er velkomne som medlem, uansett alder og ambisjonsnivå, eller om ein vil vera eit passivt medlem. Medlemstalet er aukande, men det er plass til mange fleire. Som medlem støttar opp om Idrettslagets gode rolle som ein pådrivar for aktivitet og utvikling i ytre del av Kvam,
I tillegg nyter ein godt av fleire fordeler. Her er nokre av dei:
* Ein kan delta på alle treningar som dei ulike gruppene i Idrettslaget skipar til. (For bruk av symjehallen gjeld Kvam herads opplegg, sjølv om det er Idrettslaget som syter for badevakter m.m.) Inkludert i desse aktivitetane er m.a. gratis bruk av SjøAktivgruppas kajakker, dersom ein har teke Våttkort.
* Gratis bruk av den populære minigolfbanen i Strandebarm Idrettspark. Golfkøller og noteringskort er lett tilgjengelige ved SjøAktiven.
* Trimrommet i Idrettsparken er også gratis å nytte for medlemar.
* Bruk av båtopptrekket ved SjøAktiven er populært i bygda. Dette er gratis å bruke for SIL-medlemer. Her er det enkelt å kome til med bil og båthengar. Ein kan rygge enkelt ned til vassflata, og sjøsette eller ta opp båten i kontrollerte former. Ein treng ikkje ha båtplass i båthamna for å nytte den. Som medlem i SIL kan du uansett bruke den gratis.
Det er mange tilbod og fordeler i Strandebarm Idrettslag. Men ein treng ikkje vera ein aktiv brukar for å vera medlem. Alle er velkomne som medlemar i SIL:
Link til innmelding: Innmelding i norsk idrett (idrettsforbundet.no)
Ved spørsmål elles ta kontakt på epost strandebarmil@gmail.com eller direkte til kasserar 95744565.
Velkomen som medlem!
Strandebarm Idrettslag tilbyr mange aktivitetar for folk i alle aldrar og alle nivå og ambisjonar.
I Strandebarm Idrettspark er det høve til å drive mange slags aktivitetar, både til lands og til vanns.
I vinterhalvåret føregår mykje av aktivitetane i idrettshallen og i symjehallen. Men laget har også m.a. langrennsløyper på Åse og samarbeider med Haukås Skiløypelag i Haukås/Holseteområdet. Også Vinterkarusellen er ein populær aktivitet om vinteren.
Gruppene som laga har er:
Orientering/trim, Ski, SjøAktiv, Barneidrett, Fotball, Volleyball, Handball og Friidrett.
Aktivitetsoversikt Idrettshallen 2023/24:
Mandag
Kl. 17.30- 18.30: Fotball gutar 2015 og 2016
- Kontaktperson Tor Håkon Berge tlf 40 88 42 71
Kl. 18.30- 19.30: Fotball Mix 2010, 2011, 2012
- Kontaktperson Dan Wilhelmsen 41 44 27 86
Kl. 20- 21.15: Høgpuls og styrke for ungdom og vaksne
- Kontaktperson Torunn Lutro 98 45 80 68 og Sigrun Tufta 99 01 22 96
Kl. 20- 21.30: Volleyball ungdom og vaksne
- Kontaktperson Knut Olav Svåsand 41 52 51 45
Tirsdag
Kl. 17.30-18.30 Mix 2013 og gutar 2014 og 2015
- Kontaktperson Bjørnar Gjerde 94 87 40 04
Kl. 18.30- 19.30 fotball jenter 2014, 2015 og 2016
- Kontaktperson Øystein Hoff 95 85 68 70
Kl. 19.30- 21.00 Fotball mix ungdom og vaksne
- Kontaktperson Marita Flemmen Skogvoll 92 45 74 53
Onsdag
Kl. 17- 18 Barnetrim før skulealder
- Kontaktperson Espen Lillefosse 98 85 29 44
Kl. 18- 19 Barneidrett 1-4. klasse
Kl. 19- 20.30 Bandy ungdom/ vaksne
- Kontaktperson Frode Espeland 97 73 06 18
Torsdag
Kl. 17- 18 Volleyball 2014 og 2015
- Kontaktperson Siv Øygard 90 98 07 51
Kl. 18- 19.30 Volleyball 2008, 2009, 2010, 2011, 2012, 2013
- Kontaktperson Siv Øygard 90 98 07 51
Kl. 19.30- 2015 Styrke/ sirkeltrening ungdom/ vaksne
- Kontaktperson Lars Måge 40 07 42 04
Kl. 20-21.30 Volleyball ungdom/ vaksne
- Knut Olav Svåsand 41 52 51 45