Kjempeforhold på Vinterkarusellen tysdag 5. november.

Forholda var upåklagelege då sesongens andre karuselløp vart arrangert 5. november. Det var behageleg temperatur, opplettsver og stilt. 45 deltakarar stilte opp denne fine kvelden.

Det var som vanleg både små og store som deltok med stor iver og god innsats. Nokon gjekk gjennom løypa, medan andre sprang heile vegen, nokon av dei gjekk det fort unna med. Også mange av borna spring veldig fort etter alderen.

Av dei vaksne var Tonje Helen Gravdal fyrst i mål blant kvinnene med tida 17,24. Vidare fylgde Torild Kveberg, Torunn Lutro, Monica Rinde Oma og ungjenta Helle Berg Leiren. Blant mennene var det Mågebrødrene Ove og Lars som kom fyrst. Ove kom inn på 15.02, knappe minuttet føre Lars. Neste mann var syskenbarnet deira John Olav Måge. Vidare kom Knut Øystein Fosse og Jan Øyvind Skogvoll.

Alt i alt vart det ein super trimkveld for dei 45 deltakarane. Arrangøren vonar på enda betre deltaking på neste løp 26. november, For løypa og Idrettsparken og turen langs riksvegen, særleg under forhold som på denne kvelden, innbyr til at fleire bør delta på desse kjekke trimkvveldane.

Etterpå var det som alltid trekking av gåvepremiar. Den gjevaste av dei; eit gåvekort verdi kr. 500,- til bruk på Mo Sport i Norheimsund vart vunne av Emil Neteland.

Vel møtt på neste karuselløp tysdag 26. november klokka 19.


Resultat 5. november 2024

Bjørn Ove

Berge

38,30

Kaja

Berge

43,00

Kjell Egil

Berge

42,00

Laila

Berge

39,01

Thomas

Berge

42,00

Vegard

Berge

17,48

Anne Christin

Børsheim

27,03

Liv Berit Bru

Eide

24,05

Eskild Gravdal

Eliassen

17,34

Filip Fernand Gravdal

Eliassen

18,52

Frode

Espeland

17,10

Kiiti-Marie Håbrekke

Fosse

24,30

Knut Øystein

Fosse

16,41

Tor Henrik Fosse

Fosse

23,23

Kristi Lutro

Gjerde

31,14

Lars

Gjerde

37,20

Magnus Lutro

Gjerde

37,20

Tonje Helen

Gravdal

17,24

Torild

Kveberg

18,15

Amund

Leiren

20,49

Helle Berg

Leiren

20,49

Arthur

Lillefosse

25,18

Evita

Lillefosse

32,15

Torunn

Lutro

18,30

Ann-Kristin

Mykkeltvedt

45,00

Irene

Myrvold

21,22

Amalie Svåsand

Måge

40,11

John Olav

Måge

16,37

Lars

Måge

15,59

Ove

Måge

15,02

Elias

Neteland

37,35

Emil

Neteland

23,00

Sigrun

Neteland

38,00

Tore

Neteland

25,15

Annhild

Oma

24,35

Monica Rinde

Oma

18,36

Franz

Sekanina

32,15

Ingunn

Sekanina

38,00

Jan Øyvind

Skogvoll

16,52

Bodil

Stranden

27,04

Elisabeth

Svåsand

25,17

Silje Kristin

Svåsand

40,11

Irene

Tangerås

24,05

Siv

Øygard

29,30

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift