God deltaking på friidrettstemne og ny banerekord i diskos

Onsdag 31. august var det igjen klart for stemne på Idrettsparken. Det var strålande ver, god deltaking og Anders Vik sette ny banerekord i diskos for 18/19-åringar.

Anders Vik bur i Knarvik og tevalar for AKS-77. Han har delteke i Strandebarm tidlegare. Faren er Erlend Vik, og besteforeldra er Oddfrid og Hans Gunnar Vik på Berge i Strandebarm. 
Denne kvelden tok Anders turen til Strandebarm igjen, og sette ny personleg rekord og ny banerekord med eit kast på 56,14 med 1750g-diskosen. Han er med det nummer 2 på noregsstatistikken i klassen sin. SIL gratulerar med eit flott resultat. Anders er også medisinstudent i tillegg til friidrettssatsinga.

Det var størst deltaking blant rekruttane, og dei deltok med stor innsats i 60m og lengde, og hadde det kjekt.
Kvam LSK deltok med tre utøvarar; Oline Gjerdevik, Line Bergan Øvsthus i 10-årsklassen og Jenny Gjerdevik i 13-årsklassen. Dei deltok både både i lengde, spyd og 60m og gjorde det godt. Det vart også eit tremannsfelt på 3000m. Erlend Drivenes MS frå Tørvikbygd IL vann feltet på 9,57,91. Bak kom ungguten Ådne Kjosås G15 frå Øystese. Han representerer IL Norna-Salhus, og kom i mål på 11,19,46. Like bak kom Strandebarms eigen Ove Måge MV45-49.   

Tiliah Kvitastein Wilhelmsen J10 var einaste deltakar på 600m. Ho kom inn på tida 2,34,87, som er ei kjempegod tid når ein spring åleine. Det er berre 1,5 sekund bak tida som ho vann Friidrettsfestivalen på i sommar, då ho sprang i eit felt saman med fleire andre deltakar frå Bergen og Voss.

Det var også mykje publikum denne onsdagskvelden, som kosa seg i finveret. Kiosken var sjølvsagt open, og det var ei fin seinsommarkveld på Idrettsparken. Neste stemne er onsdag 21. september. Då vert det deltakarmedaljar til alle. Friidrettstreningane går elles fast kvar onsdag kl 18 for 1. klasse og oppetter.
 

Plassering60 meter Jenter rekrutt. Heat 1, Vind -1,8     
 Emilie RøyraneKjelbyStrandebarm IL13,51 
 Thea RøyraneKjelbyStrandebarm ILDNS 
 Aria SkorgeHoffStrandebarm IL14,99 
 Mari TuftaFlotveStrandebarm IL12,36 
 Vilde BakkelyFuglebergStrandebarm IL14,40 
 Adelia BergeJohansenStrandebarm IL11,23 
 KaiaBergeStrandebarm ILDNS 
 Fia JohanneBergeStrandebarm IL16,04 
      
 60 meter Jenter rekrutt. Heat 2, Vind -1,5   
 Mia DitmarsenStrandebarm IL17,75 
 NeliaWilhelmsenStrandebarm ILDNF 
 VidaBergheimStrandebarm ILNM 
 Anna KatrineLeirsteinStrandebarm IL13,70 
 Åslly Faith P.BørsheimStrandebarm ILNM 
 Maia SkorgeHoffStrandebarm ILNM 
 Alma DitmarsenStrandebarm ILNM 
      
 60 meter Gutar rekrutt. Vind -1,1 
 Jonas LillefosseVestbøStrandebarm IL12,30 
 Bjørn Ove BergeStrandebarm IL12,45 
 Lars LutroGjerdeStrandebarm IL10,92 
 Thomas BergeStrandebarm ILDNS 
 JoneBergheimStrandebarm IL18,20 
 EmilNetelandStrandebarm IL13,42 
 MaximilianBakkeStrandebarm IL11,31 
 Even TuftaFlotveStrandebarm ILDNS 
      
 60 meter Jenter 10. Vind -0,7 
 OlineGjerdevikKvam LSK10,48 
 Line BerganØvsthusKvam LSK10,53 
      
 60 meter Gutar 12. Vind -0,7 
1Benjamin StaveMjåtvedtStrandebarm IL9,88 
2Magnus TuftaFlotveStrandebarm IL9,92 
      
 600 meter Jenter 10  
 TiliahWilhelmsenStrandebarm IL2.34,87 
      
 3000 meter G15 
1Ådne KjosåsNorna-Salhus11.19,46 
      
 3000 meter MS 
1ErlendDrivenesTørvikbygd IL9.57,91 
      
 3000 meter M 40-45 
1OveMågeStrandebarm11.15,37 
      
 Lengde, Jenter rekrutt 
 Emilie RøyraneKjelbyStrandebarm IL2,00 
 Vilde BakkelyFuglebergStrandebarm IL1,85 
 Fia JohanneBergeKvam LSK1,26 
 Thea RøyraneKjelbyStrandebarm ILNM 
 Anna KatrineLeirstenStrandebarm IL1,85 
 Aria SkorgeHoffStrandebarm IL1,45 
 Adelia BergeJohansenStrandebarm IL2,36 
 Mari TuftaFlotveStrandebarm IL2,64 
 KajaBergeStrandebarm IL1,38 
      
 Lengde, Jenter 10Vind
 OlineGjerdevikKvam LSK2,570,0
 Tiliah KvitasteinWilhelmsenStrandebarm IL2,460,0
 Line BerganØvsthusKvam LSK3,100,0
      
 Lengde, Gutar rekrutt  
 JoneBergheimStrandebarm IL1,30 
 MaximillianBakkeStrandebarm IL2,69 
 Jonas LillefosseVestbøStrandebarm IL2,30 
 Lars LutroGjerdeStrandebarm IL2,98 
 EmilNetelandStrandebarm IL1,70 
 Bjørn OveBergeStrandebarm IL1,19 
 Even TuftaFlotveStrandebarm IL1,94 
      
 Lengde Gutar 10 Vind
 OlaiBergheimStrandebarm IL2,480,0
 EliasNetelandStrandebarm IL2,660,0
      
 Lengde Gutar 12 Vind
1Magnus TuftaFlotveStrandebarm IL3,470,0
2Benjamin StaveMjåtvedtStrandebarm IL3,350,0
      
 Spyd 400g, Jenter 10  
1OlineGjerdevikKvam LSK8,50 
2Line BerganØvsthusKvam LSK7,20 
      
 Spyd 400g, Jenter 13  
1JennyGjerdevikKvam LSK9,09 
      
 Spyd 400g, Gutar 10  
1EliasNetelandStrandebarm IL12,07 
2OlaiBergheimStrandebarm IL9,59 
      
 Spyd 400g, Gutar 12  
2Magnus TuftaFlotveStrandebarm IL14,12 
1Benjanmin StaveMjåtvedtStrandebarm IL15,75 
      
 Diskos 600g, Jenter 10  
 OlineGjerdevikKvam LSKDNS 
      
 Diskos 750g, Jenter 13  
1JennyGjerdevikKvam LSK14,50 
      
 Diskos 1750g, Gutar 18/19  
1AndersVikFil AKS-7756,14 
©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift