Vel 50 til start på fyrste karuselløpet

Vinterkarusellen starta opp att tysdag 15. oktober med vel 50 på startstreken. Det var behageleg temperatur og lett yr. Det var m.a. o. fine forhold for kjekk mosjon ein fin haustkveld saman med kjende og ukjende.

 
Resultatlista er synt nedanfor. Vinterkarusellen høver for alle aldersgrupper, og for ulike ambisjonsnivå. På startstreken var det alt frå små born til folk godt oppi pensjonsalderen. Av dei som satsa på å springe svært raskt kom Ove Måge fyrst over målstreken på tida 14,19. Amund Leiren og Børge Klyve kom omlag halvminuttet etter. Ungjenta Amalie Svåsand Måge kom fyrst av jentene på tida 18,08. Det var ein solid ny personleg rekord for Amalie. Ho var nokre få sekund føre Torild Kveberg. Torild er den som har kome fyrst over mål flest gongar på vinterkarusellen gjennom åra. Løpet hennar denne kvelden vitna om at ho har ein ny god karusellsesong framfor seg.

Etterpå var det premieutdeling som består av ulike premiar trekte på startnummer. Sigrun Helen Tufta vann den gjevaste; eit gåvekort på kr. 500,- til bruk på Mo Sport i Norheimsund. Deltakarane denne gongen kom frå ulike delar av Kvam. M.a. kjem det ein del deltakarar frå sentrale delar av heradet. Dette gledar arrangøren. Forhåpentlegvis vil det også etterkvart kome deltakarar frå Fusa og Kvinnherad. Neste løp er tysdag 5. november klokka 19. Vel møtt då.

Datoane for karusellen er:
15. oktober, 5. november,  26. november, 17. desember
7. januar, 28. januar, 18. februar, 10. mars
Alle er tysdagar kl 19 og det er som tidlegare fire løp før nyttår, og fire løp etter-. 
Bli med på hyggjeleg trim.

Kirsten

Aase

38,09

Liv Sigrid

Almås

27,36

Bjørn Ove

Berge

37,58

Håkon

Berge

24,00

Kaia

Berge

29,58

Kjell Egil

Berge

29,58

Thomas

Berge

37,58

Trond Inge

Brakestad

16,58

Andreas

Dulsrud

17,25

Liv Berit Bru

Eide

21,43

Kitty Marie Håbrekke

Fosse

38,10

Knut Øystein

Fosse

15,29

Magne

Fosse

37,35

Tor Henrik

Fosse

38,10

Lars Lutro

Gjerde

29,57

Håkon

Hjartnes

17,05

Grete

Hjertaker

29,18

Børge

Klyve

14,50

Magne

Kolstad

18,34

Torild

Kveberg

18,14

Ketil

Lammedal

19,43

Mette

Lammedal

24,56

Amund

Leiren

14,47

Turid

Lid

34,00

Arthur

Lillefosse

25,55

Simen

Lillefosse

19,36

Torunn

Lutro

29,57

Anne Fredheim

Magnussen

36,33

Hanne

Meyer

26,45

Gunnar

Mundheim

23,04

Ann-Kristin

Mykkeltvedt

37,58

Amalie Svåsand

Måge

18,08

John Olav

Måge

16,13

Lars

Måge

15,11

Ove

Måge

14,19

Solveig

Måge

40,58

Sondre Svåsand

Måge

15,26

Liv

Nernæs

27,11

Annhild

Oma

25,25

Agnethe Fosse

Rise

25,21

Elisabeth Fosse

Rise

25,21

Franz

Sekanina

30,43

Rino

Sekanina

31,14

Bodil

Stranden

27,07

John

Svahn

19,59

Silje B

Svåsand

33,18

Arvid

Tangerås

22,42

Irene

Tangerås

21,33

Sigrun

Tufta

21,29

Alvhild

Tveitnes

37,48

Richard

Willemoes

16,39




 
©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift