Fin oppstart igjen på Vinterkarusellen tysdag 25. januar

Etter fleire avlysningar var det endeleg klart for Vinterkarusell igjen. Nesten 50 deltakarar stilte til start denne milde januarkvelden.

Monica Rinde Oma fotografert på eit tidlegare løp i Vinterkarusellen. Foto: Kondis

Folk var glade for igjen å kunne kome saman og trimme i hyggjeleg selskap. Føret var upåklageleg, med bàre vegar. Litt regn var det, men langt frå noko ausregn, sjølv om løparane var godt våte ved målgang. Folk tok det i sitt eige tempo, og humøret var på topp. Nokon sprang, andre gjekk åleine eller saman med slekt eller vener. Her er alle vinnarar uansett ambisjonar. Mange born var med og kom seg igjennom den fire kilometer lange løypa på imponerande vis, fleire av dei med mor, far, eller med bestemor eller bestefar med.

Av kvinnene var Monica Rinde Oma fyrst inne på 19,28. Dei neste var unge Lisa Svåsand Mundheim, Irene Myrvold og Liv Berit Bru Eide. Nokre spurtoppgjer vart det også, m.a. mellom brødrene Lars og Ove Måge, der fyrstnemnde trakk det lengste strået og kom inn på 15,34, eitt sekund føre Ove. Med dette var dei blant dei fremste i mål. Fyrst av alle var Håkon Myklebust Skjelnes frå Rosendal Turnlag med anar frå Torgjersbruket på Risa Han sprang i mål på solide 13,52. To unggutar frå Norheimsund kom etterpå; Jarand Valland og Viljar Berge Eide spurta hart dei siste hundre metrane, der Jarand passerte mållina like før Viljar. Men dei vart vart begge klokka inn på 14,16. Det var kjempeflotte løp frå dei to unge gutane! Alt i alt vart det igjen ein kjekk trimkveld på Idrettsparken, med mange blide andlet. 

Etter løpet var det trekking av fem gåvepremiar blant dei som deltok på løpet. Den gjevaste premien vart trekt til slutt. Det var eit gåvekort på kr. 500,- til bruk på Mo Sport i Norheimsund. Vinnar vart Frode Espeland frå Oma. Han er fast deltakar på Vinterkarusellen og gjorde eit nytt flott løp denne kvelden. Gratulerar til Frode!  Dette var det fjerde løpet som vert arrangert denne sesongen, men skulle eigentleg vore det sjette løpet. No er det to løp att; tysdag 15. februar og 8.mars. Me vonar desse kan gå som planlagt. Skulle det kome endringar, vert det godt kunngjort på førehand. 


Resultat Vinterkarusellen 25. januar 2022.

Renate

Bakkely

32,29

Torunn

Baldersheim

36,20

Håkon

Berge

22,37

Liv Berit Bru

Eide

22,14

Viljar Berge

Eide

14,16

Eskil G

Eliassen

25,00

Filip Fernand G

Eliassen

22,58

Frode

Espeland

17,24

Even T

Flotve

34,10

Mari T

Flotve

30,10

Elisabeth

Fosse

25,28

Hilmar

Fosse

27,40

Kitty Marie Håbrekke

Fosse

29,33

Magne

Fosse

29,59

Tor Henrik

Fosse

29,33

Anne

Fredheim

44,00

Kjell Martin

Fugleberg

36,41

Ludvig Bakkely

Fugleberg

32,29

Vilde Bakkely

Fugleberg

36,36

Kristi Lutro

Gjerde

34,08

Lars

Gjerde

34,08

Lars Lutro

Gjerde

22,54

Tonje

Gravdal

25,00

Marianne

Håbrekke

34,00

Ketil

Karlsen

22,05

Mette

Lammedal

26,12

Arthur

Lillefosse

26,20

Evita

Lillefosse

42,00

Laila

Lillefosse

40,00

Anne Grete

Lunde

34,00

Torunn

Lutro

22,58

Gunnar

Mundheim

31,34

Lisa

Mundheim

21,04

Irene

Myrvold

21,31

Amalie Svåsand

Måge

40,18

Lars

Måge

15,34

Ove

Måge

15,35

Monica

Oma

19,28

Franz

Sekanina

42,00

Torje

Skeie

26,45

Håkon Myklebust

Skjelnes

13,52

John

Svahn

22,44

Elisabeth

Svåsand

23,49

Silje

Svåsand

40,18

Arvid

Tangerås

21,50

Irene

Tangerås

22,59

Sigrun

Tufta

34,10

Jarand

Valland

14,16

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift