Vinterkarusellen startar tysdag 12. oktober kl 19

Tysdag 12. oktober er det klart for ny Vinterkarusell. Løypa vert som før, dvs 4 km. med start og mål på Strandebarm Idrettspark.

Datoane for årets karusell er:
2021: 12. oktober, 2. november, 23. november, 14. desember.
2022: 4. januar, 25. januar, 15. februar, 8. mars

Startktg: Pr. løp kr 50,-. Alle løp kr. 150,-. Familie alle løp kr.350,-

Det er m.a.o. løp tredjekvar tysdag. Start er kl 19. Etter kvart løp vert det m.a. terkt eit gåvekort på kr. 500,- til bruk på Mo Sport i Norheimsund,
For å gjennomføre Vinterkarusellen, må ein delta på minst fem av dei åtte lpa. Då får ein deltakarmedalje, og er med i ttrekninga om fleire gåvepremiar, m.a. eit gåvekort på kr. 2000,- ved Mo Sport.


 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift