Jul på Vinterkarusellen

Årets julaløp på Vinterkarusellen i Strandebarm gjekk føre seg i fine vinterforhold med nokre få minusgrader tysdag 12. desember. Omlag 70 trimmarar stilte til start i den fine førjulskvelden. Etterpå vanka det saft, gløgg og pepperkaker. Nissen var på plass og delte villig vekk twist og mandariner.

Det vart ein vellukka trimkveld for alle som stilte til start i den fire kilometer lange løypa.

Av dei som var opptekne av å springe fort, var det igjen Torild Kveberg frå Øystese, som var raskast av kvinnene på 18,35. Etter henne kom Ingrid Knutsen frå Nymark IL og Ingunn Hildonen Teigland, også ho frå Øystese.

Blant gutta var det Strandebarms eigen Ove Måge som også denne kvelden var fyrst i mål. Han fekk tida 15,10. Knapt eitt minutt etterpå kom syskenbarnet hans John Olav Måge. Lars Mundheim Oma kom i mål tolv sekund etter han igjen.

I tillegg til deltakarar frå Strandebarm, var det god deltaking frå elles i Kvam; særleg Norheimsund og Øystese. Mange unge gutar frå eit fotballag frå Norheimsund var på plass. Hovudmålet for fleire av dei var å vøre raskare enn trenaren sin Håkon Hjartnes. Han sprang godt og kom inn på den sterke tida 17,02. Likevel måtte han slå seg slegen av nokre av spelarane sine. Veddemålet er vistnok  at han må bade i fjorden, men det er visst ikkje bestemt kor tid. Sjølv føretrekk han å gjere det om sommaren, sa han med eit smil.

Amalie Svåsand Måge vart den heldige hovudpremien på kr. 500,- til bruk på Mo Sport i Norheimsund. Ho har trass sin unge alder, mange startar i vinterkarusellen. Bror hennar Sondre (13) sette ny pers med tida 16,49. Alt i alt vart det ein fin fljulskveld, med koseleg julastemning og god innsats og flott løping. Vinterkarusellen tek julapause, men er allerede i gang att tysdag 2. januar klokka 19. Me ynskjer alle ei fin juletid, og håpar at folk får høve til også litt trening og springing i juletida. Strandebarm Idrettslag ynskjer alle ei god jul og eit godt nytt år!    

Resultat 4. løp 2017/18, 12.desember 

Linda

Antonesen

27,35

Renate

Bakkely

34,03

Torunn

Baldersheim

32,00

Magnus

Berg

16,41

Bjørn Ove

Berge

28,51

Kaja

Berge

23,24

Kjell Egil

Berge

23,24

Kasper

Botnen

17,16

David Myhre

Brakestad

21,41

Trond Inge

Brakestad

17,50

Brage

Byrkjeland

17,05

Anne Christin

Børsheim

24,10

Liv Berit Bru

Eide

21,29

Frode

Espeland

34,09

Elisabeth

Fosse

23,08

Kitty Marie Håbrekke

Fosse

23,14

Magne

Fosse

25,14

Tor Henrik

Fosse

23,14

Kjell Martin

Fugleberg

25,13

Vilde Bakkely

Fugleberg

34,03

Rita

Gjerde

19,33

Håkon

Hjartnes

17,02

Mandius

Hjartnes

16,20

Grete

Hjertaker

26,49

Agnete Norheim

Kaldestad

23,21

Ingrid

Knutsen

18,55

Herlaug

Kvamsøy

27,13

Torild

Kveberg

18,35

Adrian Klever

Kåreid

34,06

Mette

Lammedal

24,38

Fillip

Lauritsen

58,16

Kristoffer

Lauritsen

46,19

Turid

Lid

25,55

Arthur

Lillefosse

25,00

Asbjørn

Ljones

20,08

Isak

Ljones

21,51

Preben

Ljones

21,51

Dagny

Ljostveit

28,56

Johannes

Lyngset

16,18

Gunnar

Mundheim

33,24

Ann-Kristin

Mykkeltvedt

28,51

Geir Inge

Myrvold

20,31

Irene

Myrvold

19,45

Amalie Svåsand

Måge

23,45

John Olav

Måge

16,01

Lars

Måge

23,45

Ove

Måge

15,10

Solveig

Måge

41,26

Sondre Svåsand

Måge

16,49

Veronika

Måge

26,08

Marie

Nisamjan

41,26

Endre

Oma

30,48

Ingvar

Oma

30,48

Lars Mundheim

Oma

16,13

Sarah

Revheim

46,19

Agnethe Fosse

Rise

32,39

Frans

Sekanina

38,17

Rino

Sekanina

38,17

Siril

Sundfjord

33,31

Elisabeth

Svåsand

24,04

Silje

Svåsand

29,43

Irene

Tangerås

20,10

Ingunn Hildonen

Teigland

19,32

Øyvind Hildonen

Teigland

21,17

Håkon

Tveit

22,23

Vienna Fosse

Vik

32,29

Gudmund

Øvsthus

16,26

Hanna

Øygard

21,21

Line

Øygard

58,16

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift